Eigersund Kirkelige Fellesråd

Hovedside

Aktuelle linker

Aktiviteter

Kvifor går du på gudsteneste?

Thor Erling Sætrevik, feb.-17

kvifor går du på gudsteneste.jpgMenighetsbladet traff Kristine Friestad Østebrød (28) på gudsteneste i Eigerøy arbeidskirke. Vi ville vite meir om kvifor ho går på gudstenester. 

- Eg går på gudsteneste mykje på grunn av fellesskapet med andre kristne og for å få påfyll av eit godt budskap i kvardagen. Det blir eit kvilepunkt i kvardagen, og ein slags restart for å kjenne på kva som er viktigst. 

Kva liker du best i gudstenesta?

- Lovsangen. Eg er veldig glad i musikk, og ofte kan eg forstå det betre enn ein tale.

Kan noko i gudstenesta vere vanskeleg å forstå?

- Ei tradisjonell gudsteneste kan ofte bære preg av mykje liturgi. Det kan vere vanskeleg å forstå ein del av det som blir sagt.

Kva anna ved gudstenesta er viktig? 

- Fellesskapet. Det å kome inn i kyrkja og bli møtt av folk du kjenner deg vel saman med. Det er viktig å kunne kome som ny, og kjenne at ein blir sett. Og det var noko eg kjende fyrste gong me var i Eigerøy arbeidskirke. Etter gudstenesta er det alltid kyrkjekaffe. Her er det alltid veldig kjekt å sitte saman å snakke om tjukt og tynt.

Mange kristne går ikkje på gudsteneste. Kvifor er det slik, trur du?

- Rett og slett fordi dei synest det er kjedelig. Ofte kan det vere enklare å velje noko anna å ta seg til på ein sundag. For meg handlar det om prioritering. Det å vere kristen er ein stor del av livet mitt. For at eg skal klare å halde fokus, må eg oppsøke det som gir meg påfyll av god energi og gode verdier. 

Kven vil du oppfordre til å gå på gudsteneste?

- Alle. Eg synest poenget med ei gudsteneste er at me skal samlast om trua vår og styrke kvarandre. Dermed kan me få kraft til å møte utfordringar i kvardagen og møte menneska rundt oss på ein god måte.

 

.